Det putrar og kokar

Andreas Røysum står i spissen for eit musikalsk kokkelandslag.

Publisert

I tillegg til å vera ein av initiativtakarane til kjerringa-mot-straumen-organisasjonen Motvind Kulturlag, som omfattar drift av både festival, magasin og plateselskap, er Andreas Røysum aktiv i ei handfull band både innan- og utanlands. Oppi alt dette har Røysum hatt tid til å skriva og spela inn musikk med ein tentett sett saman av gode vener og musikarkollegaer.

Uvanleg

Instrumentariet er heller uvanleg, og musikken er ei salig blanding av referansar til afrikansk, indisk og balkansk folkemusikk, samtidsmusikk og jazz, og det ligg ikkje noko ironisk i bruken av ordet salig i denne samanhengen. «Det er i det heile tatt mykje kollektiv innsats, og heller få utstrekte soloparti. I god sosialistisk ande kjem enkeltprestasjonane i skuggen av ensemblet som heilheit», heiter det i presseskrivet. Det er for så vidt rett at musikken ikkje er dominert av ein serie langstrekte soloar (sjølv om dei heldigvis finst), men den motsetnaden mellom ensemble og dei individuelle stemmene som sitatet indikerer, er i beste fall ei keitete formulering.

Særpreg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement