JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Det Brueghel såg

Gun Outfit opererer i eit ope musikalsk landskap.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det nyaste albumet til Gun Outfit kom ut i november.

Foto: Jenna Thornhill

2611
20171229
2611
20171229

Americana

Gun Outfit:

Out of Range

Paradise of Bachelors/Playground

Kanskje høyrer du til mellom dei som hadde stor glede av albumet Courtney Barnett og Kurt Vile gav ut i haust, Lotta Sea Lice, men som likevel ikkje kjenner til Gun Outfit?

I så fall bør du ta ein lytt til bandets femte album, Out of Range, som ikkje fekk den merksemda det fortente då det kom ut i november. Ikkje ulikt Barnett og Vile byr albumet på nokre slentrande, tilbakelente duettar der Carrie Keith (vokal, gitar og fiolin) og Dylan Sharp (vokal, gitar, banjo og bass) avslappa utvekslar både verseliner og gitarriff på beint fram herleg vis.

Intellektuelt pirrande

Eg skal likevel ikkje dra samanlikninga for langt. Gun Outfit representerer noko heilt eige i floraen av band som arbeider innanfor – og til same tid utvidar – det vi forstår med den uryddige sjangernemninga americana. Out of Range er ei intellektuelt pirrande plate, idérik og full av impulsar frå ei rik myteverd. Låtuniverset er ein tett og interessant tekstvev, men likevel er det stemningane som står i sentrum, i det som kjennest som eit ope musikalsk landskap.

«Landscape Painter» er ein forførande meditasjon over landskapet og menneskets forsøk på å fange det, som avslører låtskrivarduoens fascinasjon for Brueghel den eldre (ca. 1525–1569). Orfeus dukkar opp i den fantastisk titulerte «Ontological Intercourse», og gjer Out of Range til ein møteplass for gresk og nordamerikansk mytologi. Mellom andre impulsar som etter kvart gjer seg tydeleg gjeldande, er Ovids Metamorfosar, ei samling dikt som i sin rikdom nærast automatisk inviterer til kreativ behandling. (Ein personleg favoritt finst i Ted Hughes’ omsetjing, Tales from Ovid: Twenty-Four Passages from the Metamorphoses, 1997.)

Dynamisk duo

Pretensiøst, tenkjer du kanskje no, men Gun Outfits estetikk er alt anna enn det. Fleire har omtala musikken deira som «kosmisk americana», men det treffer ikkje heilt, synest eg. Til det er Out of Range altfor jordnær, ikkje minst på grunn av innsatsen til Henry Barnes på mange strengeinstrument og stødig komp ved Adam Payne (bass, trommer) og Daniel Swire (trommer, perkusjon).

Keith og Sharp er dessutan ein svært dynamisk låtskrivarduo. Der Sharp av og til kan ha hovudet i skyene, er Keith spissare og meir konkret, gjerne forankra i det daglege. Out of Range er femte album frå Gun Outfit, men likevel er det først no eg oppdagar bandet – ein kjennskap som gjer meg nyfiken på det gjengen har laga før.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis