JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Den konsentrerte lyttinga

Tine Surel Langes verk hjelper oss til å legga merke til kvalitetane i lydane som omgjev oss.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1843
20210820
1843
20210820

LYDKUNST

Tine
Surel Lange:

Works for Listening 1–10

Sofa Music

Grensene mellom eksperimentell samtidsmusikk og lydkunst kan ofte vera flytande. Og det klingande resultatet fortel ikkje utan vidare om det er samtidsmusikk eller lydkunst det dreier seg om.

Men det som ofte kjenneteiknar lydkunsten, er at lyden er tett knytt til eit særskilt rom (gjerne ein audiovisuell installasjon som er del av ei utstilling), ein særskild stad (dersom det er utandørs) og med nokre få lydkjelder som gjerne kling relativt statisk.

Lydsituasjonar

Alle desse ti verka av komponisten og lydkunstnaren Tine Surel Lange (f. 1989) har utgangspunkt i heilt konkrete materielle situasjonar på ulike stader frå Henningsvær til Berlin. Her er lydar frå vatn, steinar, renovasjon av tak, arbeid med tre og mykje anna.

Plateomslaget inneheld utførleg informasjon om prosessane rundt kvart verk. Dette er gjevande å lesa, men ingen føresetnad for å kunna gle seg over lydane.

Klangleg

Sjølv om utgangspunkta for alt dette er stadspesifikke, er det verket me som lydarar opplever, éin ting – det vil seia ei CD-plate med omslag – og lyd som kjem ut frå våre eigne høgtalarar. Lyden, som i utgangspunktet ikkje var produsert som ein «kunstlyd», har vorte fanga opp og blitt estetisert gjennom Langes stadspesifikke arbeid, men framstår her i ei tredje form, som musikk.

Det fine med denne avgrensa og disiplinerte forma for lydarbeid er at me vert mjukt og behageleg tvinga til å fokusera på dei klanglege eigenskapane til nokre få objekt. Og det som tilsynelatande kan verka statisk, er fullt av små og vakre nyansar for den som tek seg tid til å lyda.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis