¿ Delikat

Svensken Jonas Lundblad spelar svensk orgelmusikk på eit svensk orgel frå 1700-talet.

Söderström-orgelet frå i 1783 er eit av Sveriges største barokkorgel.
Söderström-orgelet frå i 1783 er eit av Sveriges største barokkorgel.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Det praktfulle opningssporet på Jonas Lundblads album syner at Johann Helmich Roman (1694–1758) med god grunn blir kalla «Sveriges Händel». Satsen «Allegro con Spirito» er eigentleg ikkje for orgel, men frå orkestersuiten Drottningholmsmusiken, som blei skriven i høve bryllaupet til den svenske kronprinsen Adolf Fredrik og prinsesse Louise Ulrike av Preussen på Drottningholms slott i 1744. Musikken har den songlege, elegante melodikken italienarane var så gode på, kombinert med fyldig og fyndig harmonikk av den tyske typen – altså dei same kvalitetane som særmerkjer stilen til den tyskfødde G.F. Händel, som Roman møtte under studieopphaldet sitt i London kring 1720.

Söderström-orgelet

Med unntak av det fyrste sporet er all musikken her spelt inn på plate for fyrste gong. Instrumentet Lundblad nyttar, er eit av Sveriges største originale barokkorgel, bygd av Nicolaus Söderström i 1783 i Husby kyrkje i Dalarna. I 1936 blei det demontert for å gje plass til eit moderne orgel. Sidan delane heldigvis blei tekne vare på, har det sidan 2011 atter vore å høyra i den vakre 1200-talskyrkja, som i si noverande form er jamgamal med orgelet.

Personleg vri

Alle komponistane på plata har tilknyting til Sverige. Men alle var ikkje svenskar, til dømes tyskaren Hinrich Philip Johnsen (1717–1779), som kronprins Adolf Fredrik tok med seg til Sverige året før bryllaupet. Der fekk Johnsen ord på seg for å vera ein habil virtuos, og han avanserte snart til stillinga som hofforganist og kapellmeister ved hoffets franske skodespelartrupp. Samlinga Sex fugor för orgel eller cembalo finst i mange moderne utgåver, men her spelar Lundblad fire satsar etter orginalnotane som blei prenta i Amsterdam i 1770.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement