Coltrane såg attende
Ei 55 år gamal innspeling er endeleg utgjeven.
Jazz
John Coltrane:
Blue World
John Coltrane, tenorsaks; McCoy Tyner, piano; Jimmy Garrison, bass; Elvin Jones, trommer. Impulse!
Soga om korleis denne plata blei til, og gjeven ut 55 år etter, er nesten betre enn musikken ho inneheld. Den canadiske filmskaparen og Coltrane-blodfan Gilles Groulx var i ferd med laga filmen Le chat dans le sac. Gjennom kjenningar som kjende Jimmy Garrison, fekk Groulx spurt Coltrane om å laga filmmusikken. Den 24. juni 1964 gjekk kvartetten i Van Gelder Studio og spelte inn fem låtar frå ei lang ynskeliste Groulx hadde med. Etter innspelinga var ferdig, og utan at plateselskapet var informert, drog Groulx attende til Montreal med opptaket. Med unnatak av det vesle som blei nytta i filmen, har musikken vore gøymd i arkiva til den statlege filmorganisasjonen i Canada fram til no.
Det spesielle med musikken på denne plata er at ho berre inneheld musikk Coltrane hadde spelt inn før. «Traneing In» er henta frå John Coltrane with The Red Garland Trio (1958), medan «Blue World» (eigentleg «Out of This World») er henta frå 1962-plata Coltrane. Sistnemnde illustrerer ei side av innspelingsøkta. Her er rett og slett ikkje så mykje som står på spel. I den 14 minuttar lange versjonen frå 1962 endevender Coltrane låten med god hjelp frå Elvin Jones. På Blue World knyter han saman det melankolske frå temaet og slutten på koret i 1962 til ein seks minuttar lang versjon. Å høyra «Traneing In» i ei innspeling frå 1964 viser kva musikalsk omvelting Coltrane hadde vore gjennom. Dessutan byr Garrison på eit velformulert basskor.
Musikken er velspelt, spesielt «Naima» og tittelkuttet, men å inkludera tre ulike opptak av «Village Blues» er to for mange. Lyden er overraskande bra, med Garrison lenger framme i lydbiletet enn me er van med å høyra han. Coltrane hadde tydelegvis sans for den fem år yngre filmskaparen. Dei var båe like fåmælte. Andre plater syner klarare kva formidabel kunstnar Coltrane var, Blue World fortel først og fremst at han også var ein sjenerøs person.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?