Cembaloorgiar
Concerto Copenhagen syner korleis Bach frigjorde klaveret frå orkesteret.
Statuen av Johann Sebastian Bach (1685–1750) framføre Thomaskyrkja i Leipzig.
Foto: Sjur Haga Bringeland
Musikk for klaverinstrument (cembalo eller orgel) åleine fanst det flust av i Johann Sebastian Bachs tid på byrjinga av 1700-talet. Men når klaveret spelte med i orkesteret, var det alltid som akkompagnerande akkordinstrument i bassen. Dette endra seg i andre helvta av 1700-talet, då klaverkonsertar blei vanlege. Bach spelte ei nøkkelrolle i prosessen med å «frigjera» klaveret frå orkesteret, altså ved å la det spela solo andsynes orkesteret: Hans femte «Brandenburg-konsert» frå 1721 har lange, virtuose parti for cembalo åleine, noko som gjer han til den fyrste klaverkonserten i historia. Bach skulle koma til å skriva mange slike konsertar dei neste tiåra, ikkje berre for eitt klaver og orkester, men for to, tre og – i eitt høve – jamvel fire klaver.
Under leiing av cembalisten Lars Ulrik Mortensen har danske Concerto Copenhagen dei siste åra spelt in alle Bach-konsertane, CD-ar som no er samla på eitt femdobbelt album. Tolkingane er mellom dei friskaste eg kjenner til, både når det gjeld dei reine soloprestasjonane og samspelet med strykarane.
Motoren i orkestert
Eitt av dei vakraste stykka er Cembalokonsert i E-dur, BWV 1053, der Bach byrja noko av det wienerklassikarane seinare perfeksjonerte. Høyr berre på innleiinga til fyrstesatsen (utan satsnamn), der cembaloens solomelodi lyfter seg naturleg over orkesteret. Det var denne typen intim dialog J. Haydn og W.A. Mozart streva etter i sine store konsertkomposisjonar.
Andresatsen er ein nøktern «Siciliano», der melodien har ei vedunderleg blanding av søtt og sårt. Cembaloen er her «motoren» i orkesteret, for medan strykarane spelar rolege, punkterte rytmar, driv cembalisten satsen framover med kontinuerlege rekkjer av sekstendelsnotar. Ikkje før i sistesatsen «Allegro» blir cembalostemma verkeleg virtuos, med tonekaskadar som solisten Mortensen veltar organisk fram med briljant fingerteknikk.
Tettare og kvassare
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.