Bok, plate, boks
Jeff Tweedy byr på seg sjølv i alle kanalar denne hausten.
Jeff Tweedy då han spelte på New Orleans Jazz and Heritage Festival i mai 2017.
Foto: Amy Harris / AP / NTB
Americana
Americana
Du treng ikkje å lese mange sidene av How To Write One Song, haustens bok av Wilco-frontmann Jeff Tweedy, før du forstår at ho dreier seg om så mykje, mykje meir enn det tittelen lovar. Faktisk har forfattaren gode råd å by på for alle som har vurdert å setje av nokre minutt kvar dag til ein eller annan skapande aktivitet, for alle som har lyst til å lage noko. Det er mange.
Mest av alt lèt formålet til å vere å avmytologisere den kreative prosessen, for det nyttar jo ikkje berre å setje seg ned og vente på den store inspirasjonen. Kreativt arbeid krev også si form for disiplin, men Tweedy insisterer på at det ber med seg uventa frukter, sjølv utan den største innsatsen. Det finst rutinar, det finst verktøy, og om du klarar deg fem minutt utan telefonen, er du alt godt i gang, refsar Jeff, litt mildt og litt strengt på ein gong.
Musikalsk identitet
Dei siste dagane har eg gått rundt i bergensgatene med Tweedy på øyra, for How To Write One Song fungerer rett ypparleg som lydbok, lesen av forfattaren sjølv. Dermed har dei uunngåelege refleksjonane hans kasta lys på både Wilco-boksen som kjem ut om ei vekes tid, som eg også har fått lytte til, og soloutgivinga Love Is The King, som Tweedy gav ut for nokre dagar sidan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.