Berre Pixies er Pixies

Trettito år gamalt band manar framleis fram unike, ambivalente stemningar.

Publisert

«I 1988 likna ikkje Pixies noko anna band. Innan 1991 høyrdest alle andre band ut som Pixies.» Slik lyder ei velsitert utsegn frå ein internettmusikksynsar kalla bogoslav. Medan det kan hende ikkje er fullstendig musikkhistorisk presist, kan ein skjøne poenget: Pixies har hatt enorm påverknad på både alternativ- og poprock, Radiohead og Weezer, og dei fleste vil truleg kjenne igjen låtar som «Where Is My Mind», til dømes brukt i avslutningsscena av Fight Club, eller «In Heaven» frå David Lynch-filmenn Eraserhead. Og, tenkte eg då eg høyrde «On Graveyard Hill», den første singelen frå Pixies’ nyaste og sjuande studioalbum, i 2019 høyrest Pixies framleis ut som Pixies.

Ved første øyrekast læt låta som ein collage av element klipte ut or klassiske Pixies-låtar. Ikkje akkurat nyskapande, altså, og forventningane mine til albumet var ikkje høge. Men, som så ofte med Pixies, viste det seg at skinnet bedrar, og ikkje desto mindre blei eg positivt overraska når eg fekk høyre heile plata: Det viste seg å vere ei solid og fullkomen Pixies-pakke, der klisjear frå amerikansk surf og annan rock og naive, enkle, sukkersøte melodiar, ofte formidla via elektrisk gitar med knapt merkbar vreng, vert blanda med sofistikerte, lumske, uventa og dissonerande intervall og akkordprogresjonar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement