Bak horisonten

Ian Noes sosiale samvit får uttrykk i sterke forteljingar i kortformat.

Ian Noe frå Kentucky er ute med sitt første album.
Ian Noe frå Kentucky er ute med sitt første album.
Publisert

Kva prøver ein å feste blikket på der i horisonten, om ein ikkje har noko å sjå fram til? Sola som går ned, medan ein skjenker seg eit glas til, og tenkjer på «that sweet someday/ when we leave our troubles/ and are taken so far away».

I alle fall i Ian Noes «Junk Town», eit av høgdepunkta på Between the Country, det første albumet hans, som kom ut før sommaren. Songen skildrar slit og armod i eit liv som ikkje byr på fluktruter, der forsoning med eigen lagnad liknar farleg på resignasjon, eller i beste fall på fattig, kortvarig trøyst.

Gåverik forteljar

Det vi veit om songane til Noe, derimot, er at dei korkje er av det fattige eller kortvarige slaget (og då tenkjer eg på levetida deira, og plassen dei vinn hos lyttarane). Tysdag kveld skulle artisten ha varma opp for John Prine i Oslo (konserten er avlyst), og som veteranen og førebiletet er Noe ein gåverik forteljar, med eit fast grep om det heilt korte formatet. Sjølv om dette er den første plata han gir ut, veit han å skrive fram strofer som rommar rike karakterteikningar, sterke historier, slåande bilete og nære stemningar.

Fleire av songane på Between the Country plasserer karakterane sine i småbyen, ein tumleplass for livets små og store tragediar, og ein topos Noe kjenner til fingerspissane. Låtskrivaren voks opp i Kentucky, nærare bestemt aust i staten, eit område New York Times-journalist Annie Lowrey for nokre år sidan kalla den kanskje aller vanskelegaste plassen å bu i USA, «statistically speaking» – her er fattigdomen framskriden og helseproblema djupe og omfattande.

Autentisitet og empati

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement