Bachs gutesopranar
Finst der ein spesiell Thomanerchor-klang?
Statuen av Johann Sebastian Bach (1685–1750) utanfor Thomaskyrkja i Leipzig.
Foto: Sjur haga Bringeland
Gutekoret i Thomaskyrkja i Leipzig har ei over 800 år lang historie. Sjølv om det har hatt eit utal sjefdirigentar – «thomaskantorar», blir dei kalla – finst der ei slags tidsrekning som byrjar med Johann Sebastian Bach, som blei kantor der i 1723. Den noverande sjefdirigenten, Gotthold Schwarz, titulerer seg slik stolt som «den 17. thomaskantoren etter Bach».
Koret er sett saman av 9–18 år gamle elvar ved internatskulen Thomasschule. Schwarz var sjølv kormedlem som barn, så den tunge kortradisjonen skal difor slik vera i gode hender. Men finst der i det heile ein spesiell Thomanerchor-klang som gjer at dette koret skil seg frå andre elitegutekor, spesielt når det kjem til kjernerepertoaret deira, nemleg Bachs vokalmusikk?
Barokkorkester
Thomaskyrkja har i dag ikkje noko eige orkester, slik det hadde på Bachs tid. Vanlegvis er det difor Gewandhaus-orkesteret, Leipzigs ypparlege symfoniorkester, som trer til når store kantatar og pasjonar skal framførast. Men eg, som har høyrt denne ensemblekonstellasjonen på konsert mange gonger, har aldri blitt overtydd av han. For ikkje berre spelar Gewandhaus-musikarane på moderne instrument, dei spelar òg på ein romantisk måte som høver dårleg til Bachs musikk. Difor er det bra at thomaskantor Schwarz på denne plata med tre kyrkjekantatar har engasjert Sächsisches Barockorchester, som spelar med den rette lette, artikulatorisk presise og dynamisk skifterike klangen Bachs orkesterpart treng.
Den fyrste kantaten er mest dramatisk. Opningssatsen til Allein zu dir, Herr Jesu Christ, BWV 33, struttar av desperat energi, med snøgge, stigande tonerekkjer som fyrst set inn i oboane, så blir imitert av fiolinane, før basseksjon i orkesteret tek over. Sächsisches Barockorchester skaper her horisontalt bylgjande rørsler som står i vakker kontrast til dei steile korakkordane. Sistnemnde er ei harmonisering av ein gamal salmemelodi frå reformasjonen.
Behageleg diffus
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.