Musikk
Avsindig avant-prog
Bergensband serverer slagkraftig satire over pinleg stille.
Zappa- og Knutsen og Ludvigsen-arvtakarane Det Skandaløse Orkester frå Bergen er tilbake, no med albumet Tenk om noen ser deg. Førre gong, på No har de laget skandale igjen frå 2014, var det sensasjonalisering av bagatellar i dagspressa som fekk gjennomgå. Denne gongen er det fobi for andres blikk som står på dagsordenen.
Dette mjukt bitande satiriske progrockbandet har berre blitt betre sidan sist. Arrangementa og produksjonen har blitt meir detaljert, dynamisk og kompleks, og den sofistikerte leiken med det banale har mykje til felles med Mr. Bungles avant-prog. Presisjonen i den humoristiske timinga har òg nådd nye høgder – eit døme er sidestillinga av tankane om at haikaren du har plukka opp, kanskje er lystmordar og at de kanskje ikkje har noko å snakke om. Den siste ser ut til å vere mest angstfylt, for slikt må ein jo leve med seinare. Den stønnande og hikstande Michael Jackson-homagen på den medrivande diskokomposisjonen «Skulle jævlig vært på TV» er nok eit døme – blant mange – på subtil, hysterisk komikk på detaljnivået.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.