Arkivet:
The National i Oslo
The National kjem frå konsertar i Stockholm for å spele to konsertar i Oslo.
The National er på veg hitover. Gruppa kjem frå konsertar i Stockholm i helga til to kveldar på Sentrum Scene måndag og tysdag. Det ligg i korta at vi får høyre ein del frå ferske Sleep Well Beast. Her er tre songar eg håpar å få høyre:
«The System Only Dreams in Total Darkness» er «uimotståeleg, med flott kor i anslaget, eit sprettent, drivande komp, sprakande gitarriff og vilter solo», skreiv eg her då eg melde Sleep Well Beast for eit par månader sidan. Songen er sjølvsagt med kvar kveld på denne turneen, og godt er det.
«England» er derimot ikkje det, så her får eg krysse fingrane: Matt Berningers mektige, hustrige song om elvar og hav som skil oss frå dei vi vil vere saman med, og staden der vi vil vere, med ei blåsarrekkje som slår inn som ein kald vind.
Frå High Violet (2010) hentar eg også fram «Terrible Love», ein song som for dette bandet nærast har fått noko oppskriftsmessig overskridande over seg, som i eit slags ritualisert klimaks, mot slutten av kvar konsert.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
The National er på veg hitover. Gruppa kjem frå konsertar i Stockholm i helga til to kveldar på Sentrum Scene måndag og tysdag. Det ligg i korta at vi får høyre ein del frå ferske Sleep Well Beast. Her er tre songar eg håpar å få høyre:
«The System Only Dreams in Total Darkness» er «uimotståeleg, med flott kor i anslaget, eit sprettent, drivande komp, sprakande gitarriff og vilter solo», skreiv eg her då eg melde Sleep Well Beast for eit par månader sidan. Songen er sjølvsagt med kvar kveld på denne turneen, og godt er det.
«England» er derimot ikkje det, så her får eg krysse fingrane: Matt Berningers mektige, hustrige song om elvar og hav som skil oss frå dei vi vil vere saman med, og staden der vi vil vere, med ei blåsarrekkje som slår inn som ein kald vind.
Frå High Violet (2010) hentar eg også fram «Terrible Love», ein song som for dette bandet nærast har fått noko oppskriftsmessig overskridande over seg, som i eit slags ritualisert klimaks, mot slutten av kvar konsert.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?