«Anywhere I lay my head/ I will call my home». Orda, skrivne på ein mekanisk skrivemaskin, var stifta til veggen på rommet mitt i store delar av studietida, og det er henta frå det avsluttande sporet på det magiske albumet Rain Dogs (1985). Eit bra motto i ei omskifteleg tid, frå (det djupe) djupet av halsen til Tom Waits.
Waits-platene frå midten av 1980-talet vart faste følgjesvener for meg i formative år utover 1990-åra: Før og etter Rain Dogs kom Swordfishtrombones (1983) og Franks Wild Years (1987). Konsertfilmen Big Time (1988) var også viktig, veldig viktig; eg enda faktisk opp med å låne VHS-kopien min bort til Janove Ottesen før Kaizers heilt var Kaizers. Jepp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.