Arkivet: Stevie Wonder
Nok ein sommar med spelelister på bilstereoen, demokratisk fordelt mellom familiens medlemmar, er over. I år fann vi saktens fram til ei forfriskande tverrgenerasjonell samforståing om å hente fram ein klassikar: Songs In The Key of Life (1976) – eit kjærkome avbrekk etter rundane med Calvin Harris, The Weeknd, Pharrell Williams og Daft Punk, og ei påminning om den heilt utruleg store innverknaden Stevie Wonders album har hatt, og held fram med å ha, inn i vår tid.
«Sir Duke» er ein av desse låtane du har høyrt så mange gonger at det kjennest som om han alltid må ha eksistert. Om ein song kan kallast uimotståeleg, må det vere denne. Og så har du «Pastime Paradise», med Wonder på GX-1-synth og eit kyrkjekor bak seg, songen Coolio tok for seg og sampla frå i «Gangsta’s Paradise» (1995). Songs In The Key of Life har noko for alle.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Nok ein sommar med spelelister på bilstereoen, demokratisk fordelt mellom familiens medlemmar, er over. I år fann vi saktens fram til ei forfriskande tverrgenerasjonell samforståing om å hente fram ein klassikar: Songs In The Key of Life (1976) – eit kjærkome avbrekk etter rundane med Calvin Harris, The Weeknd, Pharrell Williams og Daft Punk, og ei påminning om den heilt utruleg store innverknaden Stevie Wonders album har hatt, og held fram med å ha, inn i vår tid.
«Sir Duke» er ein av desse låtane du har høyrt så mange gonger at det kjennest som om han alltid må ha eksistert. Om ein song kan kallast uimotståeleg, må det vere denne. Og så har du «Pastime Paradise», med Wonder på GX-1-synth og eit kyrkjekor bak seg, songen Coolio tok for seg og sampla frå i «Gangsta’s Paradise» (1995). Songs In The Key of Life har noko for alle.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?