Arkivet: Sigrun Loe Sparboe
Sigrun Loe Sparboe syng på velklingande nordnorsk.
Foto: Cecilie Tollefsen
For nokre veker fekk Sigrun Loe Sparboe (f. 1983) Ole Vig-prisen, og nokon tipsa meg om albumet Labyrint, som kom ut tidlegare i haust. Det var ei triveleg oppdaging. For dei som måtte vere redd for at den velutførte visepopen om livet, akkurat slik det er, er døyande, ber Sparboes musikk bod om det motsette. Ta til dømes ein song som «Æ trudde livet skulle vente», om farane ved å planlegge livet, og å utsetje eitt og anna. Her finst det livsvisdom opptil fleire generasjonar kan nynne med til, både dei det er for seint for, og dei som enno har tid. Eit markant trekk på det nye albumet er at Sparboe trekkjer seg endå eit hakk nærare pop av det radiovenlege slaget, for eksempel i ein låt som «Lyst».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.