Arkivet: Sign ‘O’ The Times

Publisert

Då Robert Christgau gjekk gjennom platene til Prince etter at artisten gjekk bort, og gav karakter til kvar og ei av dei, vart det tett med A og B og ikkje noko dårlegare enn det. Den velkjende kritikaren fann ut at det rett og slett ikkje heldt å gi Sign ‘O’ the Times (1987) beste karakter – ein A+ måtte til for å løfte det fram som det beste albumet i karrieren.

Eg veit ikkje kva tid eg først høyrde om kor krokete vegen fram mot det myteomspunne dobbeltalbumet hadde vore, men prosessen får i alle fall rikhaldig omtale i I Would Die 4 U: Why Prince Became an Icon, boka av Touré (som eg melde på desse sidene då ho kom ut i 2013). Prince leverte nemleg ei trippelplate til Warner Bros oppunder jul i 1986, 25 songar under tittelen Crystal Ball, som også inneheldt materiale frå Dream Factory, eit album han hadde skrota den sommaren, men plateselskapet sa nei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement