Arkivet: Radioheads bibliotek

Radiohead deler raust på nettet.
Radiohead deler raust på nettet.
Publisert

Radiohead har opna eit eige bibliotek på nettet, Radiohead Public Library, på Radiohead.com/library. Ein nyleg tur innom fekk meg til å slite med å komme meg ut igjen. Her er bandets etter kvart så omfattande og mangslungne karriere elegant og innhaldsrikt pakka ut, smart organisert etter plateutgivingar og med eit nesten overveldande fleirmedielt materiale. Ved å dele så raust har Radiohead dermed på kløktig vis teke kontroll over eige arbeid og distribusjonen av det.

Her er det heile konsertar, sjeldne klipp, alternative versjonar og obskure spor, og det går an å fordjupe seg i det visuelle uttrykket Stanley Donwood har utvikla opp gjennom åra – for å nemne noko. Bandmedlemmane sjølve kommuniserer med lyttarar ved mellom anna å dele spelelister.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement