Arkivet: Pop + Bowie

Publisert

Det hender plateutgivingar er samanfiltra i kvarandre, fordi dei er uttrykk for kunstnarlege samarbeid som strekkjer seg ut på tvers av eitt enkelt album av ein enkelt artist, og frå og med midten av 1970-åra var dette i høgste grad tilfellet for David Bowie og Iggy Pop.

Sommaren 1976 gjekk dei to i gang med det som skulle verte Pops The Idiot, med Bowie som produsent og musikar. Same haust følgde arbeidet med Bowies Low, saman med mellom andre Brian Eno og Tony Visconti, eit album som kom ut på nyåret 1977 og vart etterfølgt av ein turné på våren der Pop fekk med seg Bowie på tangentar. Etter at siste konsert var overstått, bar det strake vegen tilbake til Hansa Studios i Berlin, der dei gjekk i gang med å spele inn Pops neste album, Lust For Life. Det vart sommar før dei var ferdige, og Bowie bestemte seg for å hente Eno tilbake for å lage Heroes, som kom ut hausten 1977. Produktive år, med andre ord, skildra inngåande i bøker som Tobias Rüthers Heroes – David Bowie and Berlin (2014) og David Sheppards fine Eno-biografi On Some Faraway Beach (2008).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement