Arkivet: Peaches
Platesjappa Peaches ligg i New Orleans.
Foto: Øyvind Vågnes
Frå tid til anna må det vere lov å bruke denne spalta til å lovsynge dei verkeleg gode platesjappene, dei med unik eigenart og karakter, og for nokre veker sidan var eg i ei slik, nemleg Peaches i New Orleans.
Butikken ligg i desse dagar nokre få kvartal frå huset der Dylan spela inn Oh Mercy med Daniel Lanois på slutten av 1980-åra, og i nabolaget til (dei faste kundane) Win Butler og Régine Chassagne (Arcade Fire). Butler brukar frå tid til anna å leike seg som DJ Windos 98 når han treng ein pause frå Arcade Fire og finn platene sine i hyllene hos Peaches.
Peaches har eksistert i fleire lokale og med skiftande identitet sidan eigar Shirani Rea starta med platesal i 1975. Og jammen om det ikkje var ho som tok oss imot då vi steig over dørstokken ein vinterdag 45 år seinare. I hyllene fann vi eit eklektisk utval i alle tenkjelege og utenkjelege sjangrar, ispedd sjeldne godbitar her og der.
Viktig for identiteten til det store rommet er også ein lunsjdisk, datert til 1940, då det var ein Woolworth-butikk i lokalet. Her organiserte nemleg borgarrettsforkjemparar ein av dei første såkalla «sit-in»-protestane tidleg i 1960-åra. Rea tek godt vare på disken og har gjort han til ein merkestad midt i butikken i Magazine Street. Stikk innom om du er på dei trakter!
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Frå tid til anna må det vere lov å bruke denne spalta til å lovsynge dei verkeleg gode platesjappene, dei med unik eigenart og karakter, og for nokre veker sidan var eg i ei slik, nemleg Peaches i New Orleans.
Butikken ligg i desse dagar nokre få kvartal frå huset der Dylan spela inn Oh Mercy med Daniel Lanois på slutten av 1980-åra, og i nabolaget til (dei faste kundane) Win Butler og Régine Chassagne (Arcade Fire). Butler brukar frå tid til anna å leike seg som DJ Windos 98 når han treng ein pause frå Arcade Fire og finn platene sine i hyllene hos Peaches.
Peaches har eksistert i fleire lokale og med skiftande identitet sidan eigar Shirani Rea starta med platesal i 1975. Og jammen om det ikkje var ho som tok oss imot då vi steig over dørstokken ein vinterdag 45 år seinare. I hyllene fann vi eit eklektisk utval i alle tenkjelege og utenkjelege sjangrar, ispedd sjeldne godbitar her og der.
Viktig for identiteten til det store rommet er også ein lunsjdisk, datert til 1940, då det var ein Woolworth-butikk i lokalet. Her organiserte nemleg borgarrettsforkjemparar ein av dei første såkalla «sit-in»-protestane tidleg i 1960-åra. Rea tek godt vare på disken og har gjort han til ein merkestad midt i butikken i Magazine Street. Stikk innom om du er på dei trakter!
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Ein atomsopp lyser opp nattehimmelen under prøvesprenginga Badger i USA i 1953.
Foto via Wikimedia Commons
Eg er dauden
Samtidig som faren for ein tredje verdskrig er større enn på eit halvt hundreår, ser vi på russiske trugsmål om bruk av atomvåpen som tomme.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»