Arkivet: Oldhams Merle
Songutvalet på den nye plata til Bonnie «Prince» Billy (Will Oldham), Best Troubador (Drag City), har overraska fleire: At han har fylt ei heil plate med Merle Haggard-tolkingar er for så vidt inga bombe, men mange vart overraska over at det er såpass få låtar frå dei eldre platene i samlinga.
For nokre veker sidan fortalte Oldham Rolling Stone at han syntest Haggard verkeleg vart interessant midt på 1980-talet. Mykje av det vi får høyre på Best Troubador er dermed av nyare dato.
Det var i desember 2015 at Oldham gav bandet sitt ei liste med Haggard-songar han ville dei skulle framføre på konsert. Då Haggard gjekk bort i april 2016, vurderte han å skrinleggje prosjektet. Han vart redd for at albumet ville verte forstått på ein annan måte enn han hadde tenkt. Men denne våren var tida moden. Best Troubador passar til årstida. Det er ei lys og varm plate. Skikkeleg triveleg selskap, rett og slett.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Songutvalet på den nye plata til Bonnie «Prince» Billy (Will Oldham), Best Troubador (Drag City), har overraska fleire: At han har fylt ei heil plate med Merle Haggard-tolkingar er for så vidt inga bombe, men mange vart overraska over at det er såpass få låtar frå dei eldre platene i samlinga.
For nokre veker sidan fortalte Oldham Rolling Stone at han syntest Haggard verkeleg vart interessant midt på 1980-talet. Mykje av det vi får høyre på Best Troubador er dermed av nyare dato.
Det var i desember 2015 at Oldham gav bandet sitt ei liste med Haggard-songar han ville dei skulle framføre på konsert. Då Haggard gjekk bort i april 2016, vurderte han å skrinleggje prosjektet. Han vart redd for at albumet ville verte forstått på ein annan måte enn han hadde tenkt. Men denne våren var tida moden. Best Troubador passar til årstida. Det er ei lys og varm plate. Skikkeleg triveleg selskap, rett og slett.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?