Arkivet: Miles Davis, 1991
På YouTube kan ein høyre og sjå Miles Davis på den siste konserten hans.
For ganske nøyaktig tretti år sidan no, nærare bestemt 1. juli 1991, gjekk Miles Davis på scenen på den franske festivalen Jazz à Vienne, berre nokre månader før han døydde i september same år. No kjem eit opptak frå konserten ut på plate, med tittelen Merci Miles! Live at Vienne (Rhino).
Eg er litt for ung til å kunne ha fått med meg den segnomspunne nattkonserten Davis hadde berre nokre mil frå der eg voks opp, på jazzfestivalen i Molde, i 1984. Først nokre år seinare oppdaga eg musikken hans for alvor, seint i tenåra, då eg skaffa meg Amandla (1989).
Opptaket frå Vienne opnar med eit av høgdepunkta derfrå, «Hannibal», før Davis kastar seg ut i to tolkingar av åttitalspopklassikarar, «Human Nature» (opphavleg på Michael Jacksons Thriller, 1982) og «Time After Time» (Cyndi Lauper, 1983), som begge var med på studioalbumet Davis gav ut i 1985, You’re Under Arrest. Her vert begge to inngangar til langstrekte nummer med rikt med improvisasjon, med ei speletid på til saman nesten ein halv time.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.