Arkivet: Mavisfest
Det var i november 2014 – året ho fylte 75 år – at ei rekkje artistar kom saman i Auditorium Theatre i Chicago for å feire Mavis Staples, ein konsert som vart kuratert av Don Was og Keith Wortman, og som no er dokumentert i utgivinga Mavis Staples: I’ll Take You There An All-Star Concert Celebration (Blackbird/Caroline).
Snakk om musikkliv. Frå ho var 11 år byrja Staples å opptre med familiebandet The Staple Singers, og ho er ein av dei artistane ein med rette kan kalle ein institusjon i amerikansk kulturliv. I seinare år har karrieren fått nytt liv gjennom ei rekkje knallsterke album.
Det er alltid kjekt å få høyre artistar som Emmylou Harris, Taj Mahal, Gregg Allman (som nyleg gjekk bort), Win Butler og Régine Chassagne (Arcade Fire), men dei største høgdepunkta på dette albumet er det utan tvil Mavis sjølv som står for. Om nokre veker fyller ho 78 år, og ho har ei rekkje konsertar framføre seg utover sommaren.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det var i november 2014 – året ho fylte 75 år – at ei rekkje artistar kom saman i Auditorium Theatre i Chicago for å feire Mavis Staples, ein konsert som vart kuratert av Don Was og Keith Wortman, og som no er dokumentert i utgivinga Mavis Staples: I’ll Take You There An All-Star Concert Celebration (Blackbird/Caroline).
Snakk om musikkliv. Frå ho var 11 år byrja Staples å opptre med familiebandet The Staple Singers, og ho er ein av dei artistane ein med rette kan kalle ein institusjon i amerikansk kulturliv. I seinare år har karrieren fått nytt liv gjennom ei rekkje knallsterke album.
Det er alltid kjekt å få høyre artistar som Emmylou Harris, Taj Mahal, Gregg Allman (som nyleg gjekk bort), Win Butler og Régine Chassagne (Arcade Fire), men dei største høgdepunkta på dette albumet er det utan tvil Mavis sjølv som står for. Om nokre veker fyller ho 78 år, og ho har ei rekkje konsertar framføre seg utover sommaren.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?