Arkivet:
Libæks snøflak
Det tek til å likne på ein tradisjon: Nordpolen Musikklubb byr i år for fjerde gong på ein liten julepakke, EP-plata Snowflakes som inneheld fire melodiar komponerte og produserte av Sven Erik Libæk.
Som vanleg dreier det seg om ein uhyre velvald kuriositet: For meir enn eit halvt hundreår sidan utvandra Libæk til Australia, der han oppdaga The Saints, eit husband på eit hotell i Sydney, og det er denne gjengen som er å høyre på tre av fire spor på Snowflakes, for første gong sidan albumet Ski With The Saints kom ut i 1963. Du skal leite godt for å finne plata i dag.
Fjerde låt er spelt inn nærare vår tid, av Libæk med nokre venner, til lydsporet til filmen Skrivesperre (Geir Henning Hopland, 2011).
Snowflakes byr på stilig julemusikk, ikkje minst for kresne nostalgikarar. Filmskaparen Wes Anderson høyrer til mellom Libæks fans, og tok med nokre songar av han i The Life Aquatic With Steve Zissou (2004).
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det tek til å likne på ein tradisjon: Nordpolen Musikklubb byr i år for fjerde gong på ein liten julepakke, EP-plata Snowflakes som inneheld fire melodiar komponerte og produserte av Sven Erik Libæk.
Som vanleg dreier det seg om ein uhyre velvald kuriositet: For meir enn eit halvt hundreår sidan utvandra Libæk til Australia, der han oppdaga The Saints, eit husband på eit hotell i Sydney, og det er denne gjengen som er å høyre på tre av fire spor på Snowflakes, for første gong sidan albumet Ski With The Saints kom ut i 1963. Du skal leite godt for å finne plata i dag.
Fjerde låt er spelt inn nærare vår tid, av Libæk med nokre venner, til lydsporet til filmen Skrivesperre (Geir Henning Hopland, 2011).
Snowflakes byr på stilig julemusikk, ikkje minst for kresne nostalgikarar. Filmskaparen Wes Anderson høyrer til mellom Libæks fans, og tok med nokre songar av han i The Life Aquatic With Steve Zissou (2004).
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?