Arkivet: John Lennon
I dag ville John Lennon ha fylt 80 år, om han ikkje vart skoten ned på open gate og døydde i New York for 40 år sidan, i 1980. Att sat enka Yoko Ono, som saman med ein av Lennons to søner, Sean, har kuratert og produsert ei ny samling som kjem ut i dag, Gimme Some Truth. The Ultimate Mixes (Capitol/UMe).
Boksen kjem i både digital og fysisk utgåve, og ein luksusversjon inneheld ei bok med intervju, fotografi, brev og anna frå det som i presseomtalar vert kalla «Lennon-Ono-arkivet». Det er vanskeleg ikkje å lese føreordet til Yoko Ono utan å spekulere i kva Lennon ville ha sagt om verda slik ho ser ut i dag, om han var i live: «He believed in being truthful and that the power of the people will change the world.»
Lydteknikar Paul Hicks har stått for remiksen, med instruks frå Ono om å ta vare på og respektere originalopptaka, men å forbetre med ein klårare og reinare lyd i tillegg til å styrke Lennons vokal. Smakebiten som har vore tilgjengeleg i nokre veker, «Instant Karma» (1970), tyder på at dei har følgt mandatet. Songen, som i si tid fekk Lennon med på Top of the Pops – eit opptak som er lett å finne på YouTube – tok det ikkje lang tid å lage. «Instant Karma» vart spelt inn same dag som han vart skriven, og kom ut ti dagar seinare, då Lennon fortalde pressa at han «skreiv songen til frukost, spelte han inn til lunsj og gav han ut til middag».
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
I dag ville John Lennon ha fylt 80 år, om han ikkje vart skoten ned på open gate og døydde i New York for 40 år sidan, i 1980. Att sat enka Yoko Ono, som saman med ein av Lennons to søner, Sean, har kuratert og produsert ei ny samling som kjem ut i dag, Gimme Some Truth. The Ultimate Mixes (Capitol/UMe).
Boksen kjem i både digital og fysisk utgåve, og ein luksusversjon inneheld ei bok med intervju, fotografi, brev og anna frå det som i presseomtalar vert kalla «Lennon-Ono-arkivet». Det er vanskeleg ikkje å lese føreordet til Yoko Ono utan å spekulere i kva Lennon ville ha sagt om verda slik ho ser ut i dag, om han var i live: «He believed in being truthful and that the power of the people will change the world.»
Lydteknikar Paul Hicks har stått for remiksen, med instruks frå Ono om å ta vare på og respektere originalopptaka, men å forbetre med ein klårare og reinare lyd i tillegg til å styrke Lennons vokal. Smakebiten som har vore tilgjengeleg i nokre veker, «Instant Karma» (1970), tyder på at dei har følgt mandatet. Songen, som i si tid fekk Lennon med på Top of the Pops – eit opptak som er lett å finne på YouTube – tok det ikkje lang tid å lage. «Instant Karma» vart spelt inn same dag som han vart skriven, og kom ut ti dagar seinare, då Lennon fortalde pressa at han «skreiv songen til frukost, spelte han inn til lunsj og gav han ut til middag».
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE