Arkivet: Jackson Browne
Jackson Browne då han spelte på Blue Hills Bank Pavilion i Boston i mai ifjor.
Foto: Robert E. Klein / AP Photo / NTB scanpix
Det finst nok av songar som skildrar den retningslause rørsla ein av og til treng for å kome seg vidare, og mellom desse bør tittelsporet på Jackson Brownes Running On Empty (1977) stå sterkt. Sjeldan har vel kjensla av å gå på tomgang vore framkalla med større energi: «I don’t even know what I’m hoping to find/ Running into the sun, but I’m running behind.» Songen er obligatorisk på kvar konsert Browne spelar, også i dag; han har turnert i USA i sommar.
No er albumet ute i nyoppussa utgåve, og det viser seg at materialet har halde seg godt. Browne valde å spele inn Running On Empty på turné – tittelsporet og tre andre låtar er konsertopptak, og noko av det vi høyrer her, er laga på motellrom og til og med på turnébussen – eit faktum som passar albumets overgripande tematikk godt. Meir enn førti år seinare står prosjektets dokumentariske kvalitetar fram som tydelegare enn nokosinne før.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.