Arkivet: Iron and Wine

Sam Beam er singer-songwriter med artistnamnet Iron and Wine.
Sam Beam er singer-songwriter med artistnamnet Iron and Wine.
Publisert

Sist gong eg skreiv om Iron and Wine på desse sidene, var vel for eit par år sidan, då Years to Burn kom ut, eit samarbeid med Calexico. Men dei siste seks åra har Sam Beam også gitt ut ei fin lita rad eigne utgivingar i ein serie han kallar Archive Series, og no er Tallahassee Recordings, femte utgåve, ute.

Denne gongen har Beam gått tilbake til før byrjinga, så å seie, for opptaka samla på utgivinga stammar frå 1998­–1999, altså tre–fire år før den offisielle debutplata The Creek Drank the Cradle (2002) kom ut på Sub Pop. Dermed eksisterte ikkje Iron and Wine endå, men det gjorde jo Beam, som var student ved Florida State University og såg føre seg ein karriere som filmskapar.

Slik vart det altså ikkje, og Tallahassee Recordings viser til fulle kor talentfull Beam viste seg å vere som låtskrivar alt i midten av tjueåra. Den eksistensielle tematikken er på plass, og grepet om folktradisjonen likeså, ikkje minst i ein song som «John’s Glass Eye». EJ Holowicki, den gong medstudent, seinare bandmedlem i Iron and Wine, budde saman med Beam, og det var han som overtalte han til å spele inn nokre songar, på ei tid då han endå var ganske langt frå å framføre noko offentleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement