Arkivet: Hjarteknusar

Nick Lowe tolkar Bee Gees-låten «Hearbreaker».
Nick Lowe tolkar Bee Gees-låten «Hearbreaker».
Publisert

Kvifor må du vere ein hjarteknusar? Somme lesarar vil hugse at Dionne Warwick stilte spørsmålet, ein gong i 1982, men kanskje endå fleire ser føre seg kattane i Bee Gees mjaue seg gjennom dei djupe sjelekvalane kjærleiken kan påføre deg i strofene som utgjer «Heartbreaker.» «How can I love you when you ain’t around?», heiter det i songen, og det må det jo vere heilt innafor å lure på.

Det var karane i Bee Gees som skreiv låten, og det var mogleg å høyre Barry Gibb i refrenget alt då Warwick kom med singelen, sjølv om det jo vart endå lettare å høyre han då trioen gav ut sin eigen versjon i 1994.

No har jammen sølvreven Nick Lowe funne det for godt å synge «Heartbreaker», som er mellom songane på ferske Tokyo Bay/Crying Inside (Yep Roc), ein liten, sommartriveleg EP og eit greitt livsteikn frå ein god, gammal kjenning.

Kva kan eg seie? Eg er fascinert.

Noko skjer når desse inderlege verselinene kjem ut av munnen på lakonikaren og luringen Lowe. Men kva?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement