JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Arkivet: Hiss Golden Messenger

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå ein konsert med Hiss Golden Messenger i desember 2018.

Foto: Wikipedia

1509
20200424
1509
20200424

11. januar i år gjekk Hiss Golden Messenger på scenen på The Cat’s Cradle i Carrboro, i heimstaten North Carolina, og framførte 15 songar, fleire av dei henta frå plater frå seinare år, som «Southern Grammar» (frå Lateness of Dancers, 2014, som for alvor fekk MC Taylors band ut til eit større publikum), tittellåten på Heart Like a Levee (2016), den medrivande avslutningslåten på Hallelujah Anyhow (2017), «When the Wall Comes Down», og «I Need a Teacher», singelen frå fjorårets Terms of Surrender – og no er heile kvelden samla på plate.

Då «I Need a Teacher» kom ut i fjor sommar, brukte MC Taylor musikkvideoen til å støtte lærarar i heimstaten i kampen for å få skikkelege arbeidsforhold i den offentlege skulen. Samtidig donerte han delar av inntektene frå konsertane til Durham Public Schools Foundation. Dette arbeidet held fram med konsertplata som no er ute, som har fått tittelen Forward, Children: A Fundraiser for Durham Public School Students.

Eg kan ikkje seie noko anna enn at eg ønskjer denne utgivinga særleg velkommen, sidan eg har irritert meg over å ha skusla vekk sjansen til å høyre Hiss Golden Messenger i ein liten klubb i Ballard i Seattle for nokre år sidan, fordi eg var for treig med å skaffe meg billettar den novemberdagen eg kom til byen – brått var konserten utseld. MC Taylor lagar rå, nær rockemusikk som er som skapt for den halvstore klubben – og, viser det seg, for stoveisolatet, så lenge både klubbar og skular er stengde.

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis