Arkivet: Harald Are Lund: (1946–2020)

Snurrebarten følgde Harald Are Lund heile livet.
Snurrebarten følgde Harald Are Lund heile livet.
Publisert

Også eg vil skrive nokre ord om Harald Are Lund, som gjekk bort førre veke, ein radiomann av det heilt sjeldne slaget, noko av det beste NRK har hatt å by på, ein utrøytteleg musikkentusiast, ei røyst som etter fem tiår med formidling vil verte sakna av generasjonar av lyttarar.

For ein som var i tenåra i siste halvdel av 1980-talet og gjekk inn i studietida litt ut på 1990-talet, var Lund den sanne guiden vekk frå pubertal hitdyrking (Ti i skuddet) og over i ei rik musikkverd det vart avgjerande å oppdage, med sine tunge tradisjonar, og med sine stadig nye, grenseoverskridande sonderingar. Det å lytte vart eit eventyr. Lund vekte gløden.

Eg visst knapt kva blues kunne vere, før Blå minutter, radioprogrammet Lund laga i lag med Knut Reiersrud, og TV-programmet Rock 90 gjorde 1990 til eit formativt lytteår – for å nemne eit par dropar i det havet som var Harald Are Lunds musikkformidling.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement