Arkivet: Esbjörn Svensson

Dan Berglund (t.v.), Esbjörn Svensson og Magnus Öström fotograferte etter ein spelejobb i Paris i 2007.
Dan Berglund (t.v.), Esbjörn Svensson og Magnus Öström fotograferte etter ein spelejobb i Paris i 2007.
Publisert Sist oppdatert

Ei av platene eg har høyrt mest på dei siste par åra, er opptaket som kom ut på plate med Esbjörn Svensson Trio i 2018 frå the Barbican Centre i London i 2005. Eg kjøpte plata på dobbel vinyl på den fantastiske platebutikken Bare Jazz i Oslo, som dessverre ikkje finst lenger. Utgivinga er ei påminning om kor fantastisk denne trioen var. For dei som ikkje måtte kjenne til musikken dei laga, ta ein lytt til «Behind the Yashmak» slik komposisjonen framstår på E.S.T. Live in London.

Eg vender ofte tilbake til platene Svensson fekk laga med trioen sin før han gjekk bort så altfor tidleg i ei dykkeulukke i ein alder av 44 år i 2008. For dei som har tilgang til SVT, går det no an å sjå den timelange Filmen om Esbjörn Svensson (regi: David Tarrodi, 2016), som kjem til å liggje i nettspelaren til langt ut på hausten.

Det er ein nær dokumentarfilm, fint fotografert, med samtalar med dei som stod Svensson nærast, inkludert foreldra og medmusikarane i E.S.T. (bassisten Dan Berglund og trommisen Magnus Öström). Tarrodi har fått tilgang til super 8-film frå barndomsår, og i sentrum av alt står sjølvsagt musikken, som det heldigvis er mykje av i filmen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement