Arkivet: Dylans Nashville
Bob Dylan på scena i 1969.
Foto: AP / NTB scanpix
Med Travelin’ Thru 1967–1969 er det femtande volumet av The Bootleg Series eit faktum, og denne gongen er det altså artistens reiser til Nashville idet 1960-åra gjekk mot slutten, det dreier seg om, tidsperioden då John Wesley Harding (1967), Nashville Skyline (1969), og Self Portrait (1970) vart til.
Særleg viktig for denne utgivinga er det musikkhistoriske møtet mellom Dylan og Johnny Cash, som med dette vert dokumentert på ein måte det ikkje har vore dokumentert på før. I midten av februar 1969 møttest dei nokre timar over eit par dagar i Columbias Studio A, og dette er vel eit av dei høva der ein trygt kan seie at det er artig å vere fluge på veggen, inkludert småpraten mellom songane.
Mange vil også glede seg over opptaket frå The Johnny Cash Show, TV-programmet der Dylan fekk vere første gjest ut i Ryman Auditorium, kringkasta for første gong på ABC-TV 7. juni 1969, og, meir kuriøst, ei innspeling frå mai 1970 gjort med banjolegenda og Nashville-institusjonen Earl Scruggs.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.