Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Arkivet: Bobby Charles

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1222
20200306
1222
20200306

– Du kjem ikkje til å angre, sa kompisen min, og løfta fram Bobby Charles (1972), debutplata som kom ut det året eg vart fødd.

Vi stod midt i platebutikken Peaches i New Orleans i Louisiana, heimstaten til Charles (1938–2010), så det passa jo greitt å plukke med seg eit eksemplar. Dei fleste biografiar om Bobby Charles fortel at han høyrde Fats Domino ein kveld då han var 15 år, og at det endra livet hans for godt. Det var elles Charles som laga «See You Later, Alligator», noko som må ha hjelpt på med royalties opp gjennom.

Det er lov å meine at Bobby Charles, som har fått godt med speletid etter at eg tok plata ut av kofferten, er ein gløymd klassikar, ikkje berre fordi låtane er fine, men også på grunn av gjengen han fekk med seg: The Band spelar ei prominent rolle på albumet, for Rick Danko spela bass og produserte, saman med John Simon, og både Garth Hudson, Levon Helm og Richard Manuel er viktige for korleis plata høyrest ut. Dukkar opp gjer også Mac Rebennack, som dei fleste vil kjenne som Dr. John, og folk som Ben Keith og Bob Neuwirth. Berre det å høyre Hudsons magi på orgel («Long Face») og trekkspel («Tennessee Blues») igjen var verdt ein neve dollar åleine.

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Du kjem ikkje til å angre, sa kompisen min, og løfta fram Bobby Charles (1972), debutplata som kom ut det året eg vart fødd.

Vi stod midt i platebutikken Peaches i New Orleans i Louisiana, heimstaten til Charles (1938–2010), så det passa jo greitt å plukke med seg eit eksemplar. Dei fleste biografiar om Bobby Charles fortel at han høyrde Fats Domino ein kveld då han var 15 år, og at det endra livet hans for godt. Det var elles Charles som laga «See You Later, Alligator», noko som må ha hjelpt på med royalties opp gjennom.

Det er lov å meine at Bobby Charles, som har fått godt med speletid etter at eg tok plata ut av kofferten, er ein gløymd klassikar, ikkje berre fordi låtane er fine, men også på grunn av gjengen han fekk med seg: The Band spelar ei prominent rolle på albumet, for Rick Danko spela bass og produserte, saman med John Simon, og både Garth Hudson, Levon Helm og Richard Manuel er viktige for korleis plata høyrest ut. Dukkar opp gjer også Mac Rebennack, som dei fleste vil kjenne som Dr. John, og folk som Ben Keith og Bob Neuwirth. Berre det å høyre Hudsons magi på orgel («Long Face») og trekkspel («Tennessee Blues») igjen var verdt ein neve dollar åleine.

Øyvind Vågnes

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis