Arkivet: Beach House
Beach House.
Eg får ikkje nok av opningssongen på B Sides and Rarities (Bella Union/Border), det nye albumet til Beach House. «Chariot» er rett og slett drøymepop på sitt aller beste. Eg vert gåande og famle etter playknappen i tide og utide, alltid klar for ei lita flukt inn i dette vesle stykket med musikk.
Ingrediensane er enkle, men avgjerande: Victoria Legrands dempa røyst, i midten av alt, før Alex Scallys knappe, elegante gitarspel får spele ei fin rolle. Høyr korleis songen løftar seg heilt mot slutten, idet ein raus, slakk solo får kidnappe melodien og ta han med på ein spasertur i nokre sekund, forsiktig grandiost, slik det vel berre er mogleg i drøymepopen.
Då eg skreiv om Depression Cherry (2015) på desse sidene, skrytte eg av Legrands og Scallys finslipte popminimalisme, og her er det meir av sorten: «Chariot» er ein av to nye songar i samlinga, som på mange vis er som skapte for lyse sommarkveldar.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Eg får ikkje nok av opningssongen på B Sides and Rarities (Bella Union/Border), det nye albumet til Beach House. «Chariot» er rett og slett drøymepop på sitt aller beste. Eg vert gåande og famle etter playknappen i tide og utide, alltid klar for ei lita flukt inn i dette vesle stykket med musikk.
Ingrediensane er enkle, men avgjerande: Victoria Legrands dempa røyst, i midten av alt, før Alex Scallys knappe, elegante gitarspel får spele ei fin rolle. Høyr korleis songen løftar seg heilt mot slutten, idet ein raus, slakk solo får kidnappe melodien og ta han med på ein spasertur i nokre sekund, forsiktig grandiost, slik det vel berre er mogleg i drøymepopen.
Då eg skreiv om Depression Cherry (2015) på desse sidene, skrytte eg av Legrands og Scallys finslipte popminimalisme, og her er det meir av sorten: «Chariot» er ein av to nye songar i samlinga, som på mange vis er som skapte for lyse sommarkveldar.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?