Arkivet: Barbara Lewis
Songar og låtskrivar Barbara Ann Lewis påverka rhythm and blues-sjangeren.
Arkivfoto: Wikipedia
Eg vart først merksam på Barbara Lewis (f. 1943) via Julia Holter (f. 1984), som tolka hennar «Hello Stranger» på Loud City Song (2013), der den snertne, Hammond-orgel-drivne, shoo-bop-shoo-bop-låten vart transformert til ein eterisk, varm kunstpopballade – ein fin måte å verte introdusert for Lewis på: ein framifrå soulartist og også komponist.
Lewis skreiv sjølv «Hello Stranger», til dømes, som først kom ut på Baby I’m Yours (1966), ei av platene som er å finne i den nye samlinga Don’t Forget About Me: The Atlantic & Reprise Recordings (SoulMusic Records), som rommar album gitt ut på dei to selskapa, totalt 68 songar, frå tidsrommet 1962–1968 og 1972, på tre CD-plater.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.