Arkivet:
Jeff Buckley på Sin-é
Måndag har det gått 20 år sidan Jeff Buckley døydde, den 29. mai 1997, då han forsvann i bølgjene i Mississippi, 30 år gammal, etter å ha fått fullført berre eitt einaste studioalbum, fantastiske Grace (1994).
I dei to tiåra som følgde, har det kome ut ein god del materiale som låg att etter Buckley. Så seint som i fjor dukka nokre tidlege demoinnspelingar opp, samla på utgivinga You and I, inkludert to fine versjonar av eit par The Smiths-songar, «The Boy with the Thorn In His Side» og «I Know It’s Over».
Når vi no skal velje oss ei lita stund med Buckley, vert det likevel den vesle EP-en Live at Sin-é (1993), eit firesporsutdrag frå eit par sommarkveldar i 1993 i ei lita kaffisjappe i East Village i New York, der artisten budde på dette tidspunktet. Ta ein lytt til versjonen av Piaf-klassikaren «Je n’en connais pas la fin». Likar du det du høyrer, vart eit opptak frå heile kvelden gjort tilgjengeleg i 2003.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Måndag har det gått 20 år sidan Jeff Buckley døydde, den 29. mai 1997, då han forsvann i bølgjene i Mississippi, 30 år gammal, etter å ha fått fullført berre eitt einaste studioalbum, fantastiske Grace (1994).
I dei to tiåra som følgde, har det kome ut ein god del materiale som låg att etter Buckley. Så seint som i fjor dukka nokre tidlege demoinnspelingar opp, samla på utgivinga You and I, inkludert to fine versjonar av eit par The Smiths-songar, «The Boy with the Thorn In His Side» og «I Know It’s Over».
Når vi no skal velje oss ei lita stund med Buckley, vert det likevel den vesle EP-en Live at Sin-é (1993), eit firesporsutdrag frå eit par sommarkveldar i 1993 i ei lita kaffisjappe i East Village i New York, der artisten budde på dette tidspunktet. Ta ein lytt til versjonen av Piaf-klassikaren «Je n’en connais pas la fin». Likar du det du høyrer, vart eit opptak frå heile kvelden gjort tilgjengeleg i 2003.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?