Apete algoritmerytmar
Spontant genererte trommesoloar akkompagnerer eit nytt dataspel.
Musikkopplevingar kjem i stadig nye former og format ut over det tradisjonelle albumet.
Det hender mellom anna litt av kvart i dataspelmusikken for tida: Til dømes skreiv vi om Marshmellos «liveopptreden» i nettspelet Fortnite for eit par veker sidan, og ei lang stund før det igjen om lydsporet til dataspelet No Man’s Sky, der musikken blir autokomponert i augneblunken ut frå ein massiv samplebank og korleis ein speler.
Dei fleste veit å setje pris på ein god tromme- eller perkusjonssolo, men trommeslageri blir generelt gjenstand for altfor lite merksemd. Ordet perkusjon kjem av det latinske percussionem: banking, slåing og slag som tidsmåling, og her er det det flunkande nye dataspelet Ape Out kjem inn i biletet – i denne artige, hardtslåande gorillasimulatoren aukar volumet og intensiteten i den jazzinspirerte musikken i takt, bokstaveleg tala, med brutaliteten.
I Chris Cunninghams berømte kortfilm Monkey Drummer frå 2001 får vi sjå ein robotape med menneskelemmar framføre Aphex Twins umogeleg raske trommeprogrammering.
Musikken i Ape Out er langt mindre robotisert – her blir musikken «improvisert», basert på ei samling på over 1000 akustiske tromme- og perkusjonssnuttar, i samsvar med det som hender i spelet, som heller enn tradisjonelle brett eller kapittel er delt opp i fire «vinylalbum» med A- og B-sider.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.