Alternativ salmeskatt

Eit velutvikla dansk-norsk samarbeid set spor etter seg

Publisert

Den danske komponisten og vokalisten Janne Mark omtalar seg sjølv som salmediktar. I 20 år har ho hatt Brorsons kyrkje på Nørrebro som base for den musikalske verksemda si. Den første plata hennar, Act Pilgrim (2018), fekk med rette stor merksemd og mykje fagnad. Plata markerte også innleiinga på eit vellukka samarbeid med Arve Henriksen. Han er også med på Kontinent. I tillegg har Nils Økland kome med.

Moderne og poetisk

Musikken til Mark er moderne og tekstane poetiske og slett ikkje forkynnande. Mark er såleis ingen tradisjonell salmediktar. Uttrykket er lågmælt og ettertenksamt, og dette inntrykket vert forsterka med både Henriksen og Øklands rolle i prosjektet. Introen på «Ny begynnelse» er ei perle av Økland. Han har først og fremst rolla som fargeleggjaren. Henriksen har ein meir sentral plass i prosjektet, med komposisjonane «Psalm for a Tree, Pt. I» og «Psalm for a Tree, Pt II» og som hovudsolist. Koret på «July» er noko av det sterkaste Henriksen har servert på ei stund. Resitasjonane til Henriksen er også eit stort pluss for produksjonen.

Nøkternt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement