Alt på
éin gong
Arcade Fire byr på kulturkritikk for internettets tidsalder.
Arcade Fire har fått gode tilbakemeldingar på sommarturneen.
Foto: Guy Aroch
Rock
Arcade
Fire:
Everything Now
Sony
Det har vore sommaren til Arcade Fire. Ekstatiske konsertrapportar har tikka inn frå den eine europeiske festivalen etter den andre. Mellom slaga har bandet porsjonert ut små drypp frå Everything Now, som kom ut for ei veke sidan, i form av songar, videoar og ein straum av små og store påfunn. For fansen har kvar dag bringa noko nytt.
Samtidsdiagnostikk
Slik har det universet som er Everything Now utfalda seg gradvis, med lett attkjennelege signaturtrekk mange vil kjenne frå Funeral (2004), Neon Bible (2007), The Suburbs (2010), og Reflektor (2013), dei fire føregåande albuma frå ekteparet Win Butler og Régine Chassagne og gjengen dei omgir seg med, og då kanskje særleg kombinasjonen av allsongvenleg refreng og kulturkritisk kommentar.
To av låtane på den nye plata, tittellåten og «Creature Comfort», byr på ein svært så treffande, om kanskje noko overtydeleg, diagnostikk av vår eiga samtid, der ein løpsk, døgnopen konsumkultur regulerer eit umetteleg behov for merksemd. «Every room in my house is filled with shit I couldn’t live without», syng Butler. I «Creature Comfort» stirer sjølvskadande, avmagra ungdom inn i spegelen med sjølvforakt, ventar på «the feedback» og tryglar Gud om å bli «famous».
Desse ytringane kjem frå eit band som har kledd seg i gulldressar, slik Elvis ein gong gjorde, og seinare Bono, under Zoo TV-turneen til U2, då bandet var på sitt skarpaste, tidleg på 1990-talet. På mange måtar er Everything Now og sirkuset rundt, som berre så vidt er i gang, ei oppdatert utgåve av U2s satiriske mediekritikk, tilpassa internettets tidsalder, utført i ein vedvarande performance, der ein form for gigantomani til same tid vert sett i scene og ironisert over, om enn i langt mindre skala.
Menneskeleg varme
U2 kritiserte den mektigaste medieindustrien ved å ape etter han, slik Arcade Fire no syng om «Infinite Content», medan dei ustanseleg dukkar opp i feeden med eit album som har fått sin eigen logo. Butler og Chassagne nektar seg heller ikkje sterke innslag av patos, men er milevis unna Bono-nivå i så måte. Snarare tilfører den humanistiske grunntonen materialet ein umisteleg, menneskeleg varme, som i det fantastiske sistesporet «We Don’t Deserve Love».
Fleire har nemnt Abba, og bandet er ein tydeleg referanse på fleire av desse nye songane. I det heile er 1980-talsestetikken viktig på Everything Now, ikkje berre i den uimotståelege sommarsingelen «Electric Blue», men også i ein song som «Put Your Money On Me», som sender assosiasjonane til vignettmusikken i TV-serien Stranger Things. Det er grunn til å tru at Thomas Bangalter, den eine halvparten av Daft Punk, som er med som ein av produsentane her, har medverka til desse impulsane.
Kombinasjonen mediekritikk og 80-talspop har fått ein del kritikarar til å rynke på nasen, men i mine øyre er Everything Now, som er spelt inn i New Orleans, Montreal og Paris, eit flott album. Aldri har det vel vore meir freistande å finne vegen til ein konsert med Arcade Fire enn no. Så får vi sjå om dei kjem tilbake til våre trakter på vårparten neste år.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?