Å vera på rett stad
Pianotrioar finst i hopetal. Få er så unike som denne.
Mats Eilertsen flankert av Thomas Strønen (t.v.) og Herman Fraanje.
Foto: CF-Wesenberg
Ein kunne mest tru at Mats Eilertsen Trio hadde komponert repertoaret sitt med innspelings«studioet» i tankane: Auditorio Stelio Molo i Lugano er nærast blitt ein favoritt for Manfred Eicher. Innspelinga går føre seg på scenen i ein konsertsal, og klangen i rommet er herleg ECMsk. Musikarane sit/står nær kvarandre i det som eigentleg er ei liveinnspeling utan publikum. Basslyden til Eilertsen og cymbalane til Strønen har aldri låte meir sanseleg.
Kontroll
Kontrollen med verkemidla må vera absolutt. Det er lett å trakka over ei grense – grensa mellom det å utnytta klangen i rommet maksimalt og det å søla det heile til. Denne trioen har gått desse grensene saman, og dei veit akkurat kor grensene går.
Pusterom
Alt materiale er sjølvlaga med Eilertsen og Fraanje som hovudbidragsytarar. Det meste går i ballade eller medium tempo, men uansett tempo er det alltid pusterom i musikken. Kontrast er også eit verkemiddel dei utnyttar ofte og på raffinert vis, som i Eilertsen-låten «22» eller «Perpetum» som dei har komponert i lag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.