JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Å møte dagen

Hiss Golden Messenger lagar upretensiøs, mild americana.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2260
20170922
2260
20170922

Americana

Hiss Golden Messenger:

Hallelujah Anyhow

Merge/Playground

Alt til si tid, heiter det i munnhellet. Og nokre gonger sit ein der, om morgonen, med ein nyskjenkt kaffikopp, og vil berre ha noko fin musikk å møte dagen med i ro og mak.

Kvifor då ikkje setje på «Harder Rain», det fjerde sporet på Hiss Golden Messengers ferske Hallelujah Anyhow? Og om det finst tid, skjenk ein kopp til og lytt til resten av dei ti songane på albumet.

MC Taylor har laga nok ei plate med upretensiøs, mild americana som er god mot deg. Med det meiner eg slett ikkje at musikken manglar substans, berre at han er direkte og rett fram på ein tiltalande måte. «Harder Rain» vender seg mot ein open himmel med ein jordnær miks av country og gospel, med tilbakelent jazza pianospel ved Phil Cook, som spelar litt av kvart på dette albumet, og eit par dempa, elegante blåsarar som løftar det heile.

Stillferdig jubel

Eg veit ikkje om nokon artist som betre kan gi ord og tone til ein stillferdig, standhaftig jubel over å vere i live, uansett kor mørke tidene verkar, enn Taylor. Ein slik jubel er perfekt fanga i sjølve innpakkinga til Hallelujah Anyhow, i tittelen og det fine omslaget – eit portrett av ein Taylor med hol i dongerikneet, tatovering på armen og eit lite dryss av roser og ein dæsj blå himmel bakom seg.

Somme lesarar vil kjenne dei to førre platene til ekspunkaren og folkloristen Taylor og gjengen hans i Durham i North Carolina. Tre år har gått sidan eg fekk auga opp for Lateness of Dancers, og i fjor kom Heart Like a Levee. Nok ein gong dukkar ein slidegitar opp her og ein mandolin der, og i ein song som «Caledonia, My Love» er musikken til The Band ikkje langt unna.

Kaledonsk soul

Taylors tilbakelente, glødande ballade ber også på eit slektskap med Van Morrisons kaledonske soul, ein referanse som går igjen fleire stader på Hallelujah Anyhow – ein av dei råaste rockarane her har fått tittelen «Domino». I tillegg til Phil Cook spelar også Brad Cook ei viktig rolle på albumet, både på bass og som medprodusent med Taylor. Josh Kaufman er med på gitarar, og Darren Jessee på trommer og perkusjon.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis