Å klippe håret kort er å gå for langt

Ein skarp dokumentarfilm om Britney Spears’ ufridom kastar lys på behovet samfunnet stadig har for kontroll over kvinner.

Britney Spears med ei «Baby one more time»-dokke frå 1999.
Britney Spears med ei «Baby one more time»-dokke frå 1999.
Publisert

Dokumentarfilmen Framing Britney Spears (tilgjengeleg på NRK TV) handlar om #freebritney-rørsla og kampen dei kjempar for rettferd for popstjerna Britney Spears, som har vore under faren sitt suspekte og griske formyndarskap sidan 2008. Ordet framing tyder både samansverjing og innramming, og i tillegg til justismordet, utforskar filmen korleis kjendisliv kynisk blir «ramma inn» i motivsøkjarane til paparazzoane og utnytta av massemedia.

Soger om grådigskap som korrumperande kraft kan knapt forteljast ofte nok, men filmen er unik og spesielt interessant i si undersøking av undertrykkinga av det feminine. Når ein ser filmen, anar ein omrisset av det som vert kalla «giftig maskulinitet» – usynlege normer og mekanismar som skader menneske av alle kjønn og samfunnet som heilskap. Myten om Spears som ein marionett utan eiga kreativ kraft blir til dømes kraftig tilbakevist: Der mange tok det for gitt at ho blei utnytta, utøvde ho sin eigen visjon, men etter kvart som karrieren utfalda seg, vart artisten omringa av krefter som nettopp ikkje toler at ho har kontroll over eige liv, eigen kropp og eigen karriere.

Gjensynet med paparaz­zo­­­-
video­klippet frå 2007 der popstjerna klipper håret kort, er sterkt: Frisøren nektar å snauklippe henne (!), så ho tar sak(s)a i eigne hender. Der underteikna ser ei heroisk og (sørgjeleg nok) motkulturell handling (med kledeleg resultat), ser enkelte andre norske skribentar stadig hårklippen som eit teikn på mentalt samanbrot.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement