Å gå med bunad som er eitt nummer for liten

Trioen til Espen Eriksen med Andreas Bye (t.v.) og Lars Tormod Jenset (t.h.).
Trioen til Espen Eriksen med Andreas Bye (t.v.) og Lars Tormod Jenset (t.h.).
Publisert

Haugalendingen Espen Eriksen er i ferd med å bli profet i eigen by, men han har vore på ein solid omveg før han opplever dette. I 14 år har pianisten Eriksen samarbeidd med bassisten Lars Tormod Jenset og trommeslagaren Andreas Bye. Dei har bak seg fire trioplater og ei plate med den britiske saksofonisten Andy Sheppard.

Alle fem er å finna på Rune Grammofon. Uttrykket til trioen er kjenneteikna av dei fengjande og lyriske melodiane til Eriksen. Arrangementa er enkle og oftast i medium tempo, og improvisasjonane til Eriksen er pregnante.

Konserten i Vår Frelsers kirke, ei krosskyrkje bygd i 1901, gav meg det eg hadde venta. Hits som «Grinde», «Home», «In The Mountains», «Dancing Deamons» og mange fleire kom som ei finpussa perlerad, og publikum krov ekstranummer.

Konsertversjonen er blitt gjennomarrangert. Låtane byggjer seg kontrollert opp og svinn like kontrollert. Musikken har funne si form og har dermed storkna. Å raffinera eit musikkuttrykk er ein vanskeleg balansekunst.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement