80-åra i 1999
Kompetent og anakronistisk synthpop som kunne nytt godt av meir trekkspel.
The Holy Mountain har nyleg gjeve ut ein ny låt med ein musikkvideo.
Foto: Katinka Hustad
Norske The Holy Mountain deler namn med Jodorowskys okkulte og psykedeliske kultfilm frå 1973, og tittelen på den nyaste låten og musikkvideoen, And Hank Mardukas, læt som ei esoterisk påkalling. I røynda er det tale om ein referanse til I Love You, Man (2009), og låta, som krinsar rundt samplingar frå denne filmen, tek for seg temaet venskap.
I videoen blir vi bringa tilbake til ei tid – våren 1999, etter spelkonsollen Game Boy Color å dømme – før sosiale medium, då vener var saman i den fysiske verda. Og nostalgi er nøkkelordet her. Medan The Holy Mountain tidligare har operert med ein forvitneleg kombo av synth, trommer og trekkspel, er det her tale om eit stykkje synthwave-orientert pop med assosiasjonar til John Carpenters filmmusikk.
And Hank Mardukas er ein habil retropoplåt som enkelt penetrerer trommehinnene og klistrar seg til hjernen. Samstundes læt det svært velkjent. Sjølv om eg er aldri så glad i varme, syntetiske 80-talslydar og -harmoniar, og The Holy Mountain er svært dugande når det kjem til slikt, saknar låta noko av det meir dynamiske, leikne og livaktige som kjenneteiknar det bandet tidlegare laga.
På den framifrå plata Toad of Light (2018) blei synthesizer- og trekkspelarpeggiato blanda saumlaust saman til eit kompromisslaust, medrivande og rått uttrykk med mykje til felles med matematikkrockeband som Battles. Til samanlikning er dette flatt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.