JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

🎧 Sylvskimrande

To norske songarar gjev oss briljante tolkingar av Schumanns songar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Komponisten Robert Schumann (1810–1856) portrettert av J. Kriehuber i 1839.

2962
20200821
2962
20200821

Lytt til artikkelen:

CD

Robert Schumann:

Lieder

Marianne
Beate Kielland, mezzosopran; Johannes Weisser, baryton; Nils Anders Mortensen, klaver
Lawo 2020

For meg er han den herlegaste av alle songane til den tyske romantiske komponisten Robert Schumann: «Er, der Herrlichste von allen» («Han, den herlegaste av alle»), det andre stykket i lied-syklusen Frauenliebe- und Leben, op. 42. Schwungen og sjarmen er beint fram händelsk, med latent polyfoni i klaverstemma, der ansatsane til imitasjon gjer pianisten til sjølvstendig aktør. Ja, om ein skal trekkja dei lange linene, blir klaveret som koret i ein gresk tragedie, som kjem inn frå sidelina og kommenterer hovudpersonen.

Tolkinga til Marianne Beate Kielland er framifrå. Den mørkt sylvskimrande mezzosopranrøysta hennar, som rundar av alle kvasse tyske konsonantar, blandar seg vakkert med klangen til Nils Anders Mortensens klaver.

Retorisk raffinert

CD-en inneheld tre heile samlingar Lieder, som tyskarane kallar kunstsongane sine: Liederkreis, op. 24, Gedichte der Königin Maria Stuart, op. 135, i tillegg til den alt nemnde Frauenliebe-syklusen. Som byrjing, avslutning og «mellomspel» får me òg fire songar frå samlinga Myrthen, op 25. Med unntak av dei seine Maria Stuart-songane (1852), blei alle verka til i 1840, året som blir kalla Schumanns «Liederjahr». Høg som han var på kjærleiken til Clara (dei gifte seg i Leipzig om sommaren), komponerte han då kring 150 songar.

Albumet er av typen det er vanskeleg å møta med nøytralt sinn, om ein kjenner utøvarane på førehand. Kielland er ein songar som tykkjest duga til alt – den fleksible teknikken hennar høver like godt til barokkmusikk som til musikk frå romantikken og frå vår eiga samtid. Den andre songaren på plata, barytonen Johannes Weisser, har liknande kvalitetar. Det retorisk raffinerte uttrykket eg kjenner frå albuma (og konsertane) hans med 1700-talsmusikk, kjem òg til sin rett hjå Schumann. I tillegg fører den sparsame vibratobruken til uvanleg klangleg klårleik.

Offbeat

Eitt spor eg laut høyra mange gonger, er det stutte «Lieb’ Liebchen» («Kjære kjæraste») frå Liederkreis, der Weisser syng. Schumann er her på sitt mest ukonvensjonelle, ja, eksentriske: Teksten samanliknar hjarteslaga til diktaren med hamringa til ein tømrar som snikrar ei likkiste. Hammarslaga har Schumann lagt i høgrehanda til pianisten, på den delen av to-fjerdedels-takten som eigentleg skal vera trykklett.

Offbeat-effekten som slik oppstår, minner om måten slagverkinstrumentet «hihat» blir brukt i jazzmusikken. Og Schumann gjennomfører han in absurdum – alt forskyv seg mellom songar og pianist, slik at songaren til slutt blir ståande att åleine. Dette stykket fungerer berre om utøvarane er dønn presise teknisk, noko Weisser og Mortensen definitivt er.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis