🎧 Keisarkantatar
Alt som 20-åring var Beethoven seg sjølv lik.
Som 19-åring hylla Beethoven keisar Josef II (1741–1790). Måleri av Anton von Maron.
Lytt til artikkelen:
CD
Ludwig van Beethoven:
Cantata on the Death of Emperor Joseph II
Key Ensemble; Chorus Cathedralis Aboensis; Turku Philharmonic Orchestra; dir.: Leif Segerstam.
Naxos 2020
Som barn blei Ludwig van Beethoven (1770–1727) øvd opp av faren til å bli ein «andre Mozart» på klaveret. Dette lukkast berre delvis, og det er ikkje vanleg å oppfatta han som eit typisk vedunderbarn – ulikt Mozart er det dei mogne verka hans me ovundrar mest. Men dei to fyrste store stykka den unge Ludwig skreiv då han var kring 20 år, har allereie ein umiskjenneleg, genial beethovensk tone. Dette merkar me på det nye albumet med det finske Turku Philharmonic Orchestra, som blir dirigert av Leif Segerstam. Det er alltid kjekt når slike sjeldan framførte verk kjem på plate, men denne innspelinga har diverre eit lyte som minskar lyttargleda.
Tre trekk
Begge stykka (for solistar, kor og orkester) blei til i Beethovens heimby Bonn i 1790 og hyllar tyske keisarar. Det fyrste er Syrgjekantaten over keisar Josef IIs død (WoO 87), den andre Hyllingskantate til kroninga av Leopold II (WoO 88).
Kva er så dette umiskjenneleg beethovenske ved komposisjonane? Eg tenkjer fyrst og fremst på tre ting me høyrer i syrgjekantaten, i opningssatsen «Tod, stöhnt es durch die öde Nacht» (Død, stønnar det gjennom den aude natta»): Det fyrste er bruken av unisone strykarar (der alle spelar den same melodilina), som gjer dei lagnadstunge musikalske motiva endå tyngre – dette grepet heldt han fast på heilt til den siste symfonien, «Korsymfonien». Så er det dynamikken, dei abrupte vekslingane mellom sterkt og svakt frå akkord til akkord – dette var sjeldan i samtida, då det var vanlegare med gradvise overgangar (crescendo, altså aukande, og diminuendo, minskande). Det tredje er akkordane, med dissonerande klangar som kjem brått og uførebudd – dei to fyrste gongene koret syng ordet «Tod» («død») i fyrste sats, er typiske.
Falskt
Beethoven blei seinare kjend for å ignorera musikarane sine klagar over at musikken hans var «uspeleleg». Men denne innstillinga hadde han alt utvikla som 19-åring, for kantaten var så vanskeleg å framføra for treblåsarane i Bonns hofforkester at dei streika.
Me veit ikkje korleis koret den gongen takla dei brå dissonansane, som er særleg vanskelege for songarar. Men dei to kora på plata, Key Ensemble og Chorus Cathedralis Aboensis, slit i alle fall. Intonasjonen er ikkje god nok. Tydelegast er dette hjå sopranane og tenorane, som stundom syng beint fram falskt. Då hjelper det ikkje at orkesteret og solistane gjer ein god jobb. Vil du høyra ei betre tolking av Beethovens keisarkantatar, så kjøp heller CD-en med Corydon Singers and Orchestra, som kom på plateselskapet Hyperion i 1997.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.