JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Sovjetsoldatane som likte seg i Danmark

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Russiske soldatar på Bornholm i mai 1945.

Foto: V. Hansen, Berlingske Tidende / Wikimedia Commons

3250
20220506
3250
20220506

Fredsslutningar er ingen spøk – ikkje alltid. I 1945 tok det tid, lang tid, før danskane fekk vita at den andre verdskrigen var komen til endes, jamvel om marskalk Montgomery hadde kunngjort at dei tyske styrkane i Nazi-Tyskland hadde lagt våpena ned og overgitt seg.

Dei som ikkje fekk vita om det, var dei få tusen danskane som budde på Bornholm, for på dette sommarparadiset i Austersjøen vart dei sovjetiske styrkane verande, og gjennom det meste av 1945 viste dei ingen teikn til å venda heim til det sovjetiske fedrelandet.

Sigeren vart grundig feira i resten av Danmark, men dei sovjetiske soldatane vart ståande på dansk jord. Øyprovinsen gjekk ein uviss sommar i møte, medan resten av danskane feira triumfen over nazistane. Bornholm ligg langt mot aust – det er berre å ta ein kikk på kartet, så ser ein det. Og Stalin hadde sans for landområde som kunne koma til nytte i framtida.

Bornholm skulle da òg kome godt med for USA og Nato mest ein generasjon seinare: Under Cuba-krisa vart det rapportert frå Bornholm om at sovjetiske rakettskip som var på veg mot Cuba, hadde gjort vendereis etter at dei hadde gått ut frå hamner i Baltikum. Danskane passa godt på å halda desse rapportane unna alle kunngjeringar; dei vart ikkje kjende før fleire år seinare, da ei lita gruppe danske ekspertar vart inviterte til å sjå på det danske forsvaret av Austersjøen.

Så lenge dei sovjetiske styrkane vart ståande på Bornholm, skal dei ha oppført seg fint. Det var så gode tilhøve mellom dei danske sivilistane og dei sovjetiske soldatane at danskane aldri har kunngjort kor mange born som vart fødde med sovjetiske fedrar etter sommaren og hausten 1945. Etter alt dei sovjetiske soldatane hadde vore utsette for på den grufulle sovjetiske vestfronten, var det sjølvsagt ein positiv overgang å møta den danske velstanden denne sommaren.

Det har vore skrive lite om dei sovjetiske soldatane på Bornholm den første etterkrigssommaren. Danskane gjekk på gummisålar og gjorde alt dei kunne for ikkje å terga russarane. Alle visste altfor vel kven som var den sterkaste; den kalde krigen var ingen spøk, heller ikkje i denne fredelege fasen, og danskane hadde ingen grunn å yppa til strid eller krangel med den russiske overmakta. Dessutan hadde både Noreg og Danmark lagt seg på ei freds- og brubyggingsline, Nato låg enno nokre år inn i framtida.

Danskane la vekt på å vera korrekte, sjølvsagt, og representantar for dei danske styresmaktene med kongefamilien i spissen hadde møte med dei sovjetiske generalane, ikkje for ofte, men slik at det vart vist respekt for dei som reelt hadde makta på øya i overgangsfasen. Når danskane ser attende på denne perioden i dag, er det meir enn underleg at så lite har vorte skrive om det sovjetiske nærværet på dansk jord gjennom nesten eit heilt år. Og frå dansk side vart det knapt nok mælt eitt ord medan det stod på. Mottoet var tydelegvis: «Seier vi ingen ting, skal det nok gå bra.»

Det gjorde det òg. Sjølvsagt var det ikkje, slik situasjonen var.

I dag er det lett å seia at dei to landa skal ha ros for måten dei takla ei slik utmaning på, i ein situasjon der mangt kunne ha gått gale.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mottoet var tydelegvis «seier vi ingen ting, skal det nok gå bra.»

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis