75-års-«jubileum» på Bornholm
Sovjetsoldatar kjem til Sandvig, Allinge, der offiserane blei inviterte til middag på Dams Hotel i Krystalgade 19. mai 1945.
Foto Bendt Kjøller
Det gjekk heller stille for seg, men no i vår markerte danskane 75-årsdagen for den sovjetiske tilbaketrekkinga frå Bornholm – okkupasjonen som det ikkje vart noko av.
Det er ikkje eingong spesielt mange danskar som kjenner til at det var nokre tusen sovjetiske soldatar på den danske øya i elleve månader frå mai 1945 til april 1946. Dei tok i bruk dei tyske forlegningane.
Stort sett oppførte russarane seg disiplinert og korrekt, tyskarane gjorde det same og vart etter kvart sende heim til ruinane i heimlandet, og den uvissa som i mest eitt år plaga mange danskar: Reiser ikkje desse russarane snart? er knapt nok kjend av danske historikarar i dag.
Men hovudstaden Rønne og tettstaden Nexø på Bornholm vart bomba av sovjetiske fly fordi den tyske kommandanten på øya nekta å overgi seg i mai 1945, og derfor sat det ein god del krigsskrekk att på den idylliske øya i Austersjøen i dei månadene resten av Danmark feira freden.
Kven som hadde makta på Bornholm frå mai 1945 til april året etter, er noko nær eit filosofisk spørsmål. Den danske fylkesmannen i Rønne var rimeleg nok sterkt interessert i saka, og han ringde kvar dag til København utan å få greie på noko.
Når bornholmarane høyrde på dansk radio, kom det berre reportasjar frå det frigjorde og feirande Danmark, medan ingen ting vart rapportert frå Bornholm. Kronprins Fredrik, som ikkje vart konge før i 1947, kom på besøk saman med kronprinsesse Ingrid, gav ein stilig bankett for dei sovjetiske offiserane på øya, og alle skåla for kong Kristian 10. og den store Stalin, og for sigeren over tyskarane.
Det som sette støkk i danskane, var at det kom eit jamt tilsig av russarar til øya utover sommaren og hausten 1945. Mange var gifte med dei sovjetiske offiserane, og dei bygde forlegningar som dei flytta inn i, noko som vart tolka som signal om ein meir langsiktig politikk frå Moskva si side. Danskane hadde som politisk grunntanke at det ikkje var klokt å tirra den store bjørnen, så dei gjekk på gummisolar.
Russarane hadde under avtaleverket frå Jalta-konferansen i februar 1945 sikra seg dominans langt vestpå i Europa, og Bornholm låg nokså langt mot aust. Det kom ingen andre signal før russarane i april 1946 brått sa frå om at dei no ville reisa frå Bornholm, som var ein del av kongeriket Danmark, og så drog dei.
Russarane var populære på grunn av innsatsen mot Hitler, det var dragspel og vals i dei lyse sommarnettene, og i 1946 vart nokre dusin born med russiske fedrar fødde, opplyste ein lokalhistorikar frå Bornholm i eit jubileumsprogram no i vår. Kor nøye det vart med detaljane i kyrkjebøkene, er uklårt.
Om den store Stalin hadde planar om å leggja Bornholm under sovjetisk herredøme, er det lite som tyder på det. President Roosevelt var mellom dei som rekna med at Finland ville verta ein del av det russiske riket, slik det hadde vore gjennom det meste av 1800-talet, men slik gjekk det ikkje. Den siste tsaren hadde dansk mor, men han var drepen i 1918.
Bornholm vart strategisk viktig under Cuba-krisa i 1962, og så framsynt var ikkje eingong den store Stalin. Det var teknisk utstyr på Bornholm som fanga opp dei første signala om at sovjetiske skip med rakettar som nok skulle til Cuba, snudde og drog heim att til hamnene i Baltikum.
Det vart jubel på president Kennedys kontor i Washington da han fekk den meldinga. Korkje medarbeidarane hans eller danskane sa noko om den rolla Bornholm kom til å spela her, før mange år seinare.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kven som hadde makta på Bornholm frå mai 1945 til april året etter, er noko nær eit filosofisk spørsmål.
Fleire artiklar
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
I Like to Sleep har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?