JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Sunne kroppar og sunne sjeler

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skøyteløper Roald Aas i aksjon på Bislett stadion.

Foto: Jan Nordby / NTB scanpix

3575
20170901
3575
20170901

På Bislett stadion i Oslo har eg vore to gonger, og truleg var det to gonger for mykje. Det er over 50 år sidan, og begge gongene var det noko som gjekk gale. Etter vinter-OL i Squaw Valley i California i 1960 skulle dei norske bragdene på isen feirast, og Roald Aas, som tok gull på 1500 meter, var den det skulle jublast mest for. Han hadde ikkje dagen, og da han sprakk på det som Niff kalla den vanskelege tredjerunden, var det berre buing å høyra, heile banen rundt. Det var avskyeleg.

Nokre månader seinare var det friidrettsstemne, og eg gjekk saman med ein kamerat. Igjen var det 1500 meter, og berre nokre sekund etter at dei var komne i mål, stod fleire av dei som sprang, tvikrokete i heilspenn og spydde så spruten stod. Sidan har ingen makta å overtyda meg om at toppidrett skulle vera sunt eller vakkert.

Bruken av dop er ei sak for seg, og eg skal ikkje seia noko om Therese Johaug – bortsett frå at det ville vera rimeleg om journalistikken om henne hamna på økonomisidene. Bevare min munn; eg unner dei pengane. Desse mennene og kvinnene ofrar meir tid og energi og viser meir systematikk enn eg nokon gong har vore i nærleiken av. Eg synest heller ikkje at ho har vorte rettvist behandla for salvebruken sin.

Men ho har altså skrive under på at ho skal halda seg til det som den medisinsk sakkunnige seier. Da han gjekk god for salva som han kjøpte, gjorde han ein feil. Det gjer vi alle, og han tok konsekvensen og sa opp stillinga si. Men om Therese Johaug hadde sagt at «du seier at denne salva er grei, men eg trur deg ikkje», hadde ho brote kontrakten, og fuglane må vita kva Norges Skiforbund da hadde gjort.

Eg er så heldig at eg veit meir om dette enn eg skulle ynskja eg gjorde. For nokre år sidan fann eg ut at dei medisinsk lærde visste altfor lite om ein sjukdom som ein familiemedlem vart råka av. Eg nekta å godta det medisinmennene sa, las meg etter fattig evne opp på nokså komplisert fagstoff, og kravde at dei behandla oss slik eg sa dei skulle. Det var «kontraktbrot», for medisinske ekspertar skal ein høyra på. Vi har heldigvis alltid – stort sett alltid – fått gode faglege råd, og det har berga både liv og helse. Men denne eine gongen var det motsett, og det var ikkje berre rett, men naudsynt å setja seg på bakbeina og vera akkurat så sta som vanskelege folk frå Trøndelag har ord for å vera. Hadde eg vore ung lækjar, hadde karrieren vore over før han hadde byrja. No kunne eg halda fram som det eg var og er: ein vanskeleg pressemann.

Dette hende for over 30 år sidan, og det fekk den konsekvensen at familiemedlemmen som vart sjuk, framleis er i live. Slik hadde det ikkje gått om vi hadde gjort som dei ville.

Anten ein kallar det ordrenekt, insubordinasjon eller kranglefantisme, finst det ikkje tilgjeving frå fagfolk for slikt, og slett ikkje for at eg slo frampå om at det kunne vera noko å læra av dette. Vi lever – og verbet er viktig her – godt med det.

Om eit par veker kjem det ei bok om korleis det er for utlendingar å finna seg til rette i Skandinavia. Ho kjem ut på både engelsk og dansk, og den danske tittelen er Norden for begyndere. På engelsk heiter ho Living with Vikings – How to Live and Work in the Nordic Countries.

Ein tysk kirurg som i mange år har arbeidd i Oslo, seier: «Ein kan ikkje ope kritisera handlemåtar når dei er direkte kopla til det som ein kollega gjer. Eg saknar ei forståing av at kritikk godt kan vera eit middel til betring og endring.»

Kritikk kan til og med vera sunt.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

No kunne eg halda fram som det eg var og er: ein vanskeleg pressemann.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis