Solzjenitsyn-året
I 1974 var Aleksandr Solzjenitsyn (t.h.) på noregsbesøk, mellom anna hos kunstmålaren Jacob Weidemann på Lillehammer. Her står han saman med Victor Sparre, formannen i foreininga for frie åndsverk. Foto: NTB scanpix
Ikkje så mange fekk det med seg i Russland heller, men for eit år sidan proklamerte president Vladimir Putin at 2018 skulle vera «Solzjenitsyn-året». Det gjekk heller stillsamt føre seg, heilt til denne veka. Tysdag var det hundre år sidan diktaren vart fødd. Markert vart jubileet på fleire måtar: Bolsjoj-teateret hadde urpremiere på ein opera som er laga over debutverket hans, Ein dag i Ivan Denisovitsjs liv. Eit kort utdrag i ein reportasje i BBC gav tydelege minningar om at Dmitrij Sjostakovitsj framleis verkar som inspirator, 43 år etter at han døydde.
På sjølve dagen var eldste sonen, Ignat Aleksandrovitsj Solzjenitsyn, solist ved ei framføring i Moskva av Beethovens konsert nr. 2 for klaver og orkester, det musikkverket som faren sette høgast.
Til BBC sa sonen, som snakkar engelsk slik elevar frå kostskolen Eton like ved London gjer, at Russland er ein heilt annan stat enn det var i 1974, då faren vart fråteken statsborgarskapet og utvist. Men han la til at fødelandet hans framleis har langt att før det er eit moderne, normalt land.
I 1994, tre år etter at Sovjetunionen gjekk i knas, vende nobelprisvinnaren og familien heim, og han fekk dei siste 14 åra der før han døydde i Moskva i august 2008, 89 år gamal. Til jordfestinga i Donskoj-klosteret kom det nokre hundre menneske.
Ironisk nok oppretta byrådet i Moskva for nokre år sidan eit GULag-museum berre tre kvartal bak Bolsjoj-teateret. Ein av omvisarane der, seinast eg var der, hadde bestefedrane sine som veteranar frå GULag, Stalins system av straffeleirar: Morfar var fange og farfar var vakt.
Like tvisynt er oppfatninga av diktaren og verket hans. I ein jubileumsartikkel i avisa Novaja Gazeta heiter det at da Solzjenitsyns bøker kunne gjevast ut i heimlandet, var tidene så kaotiske at folk ikkje hadde tid til å lesa dei, og dei hadde ei heller bleik interesse for dei pessimistiske politiske oppfatningane hans. (Boka Russland rasar saman vart seld i 2000 eksemplar.) Da han i 2006 stilte seg på ein meir og meir nasjonalistisk Vladimir Putins side, var det lett å gløyma at han omtrent eine mann hadde knust det ideologiske fundamentet som skulle vera underlaget for Sovjetunionen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.