Foto: Chris Jackson / AP / NTB
0–6 rette: Rykk attende til start. Betre lukke neste veke!
7–9 rette: Opprykket rauk akkurat, men er i sikte.
10–15 rette: Rette svar i rykk og napp og vel så det. Flotte greier!
16–20 rette: Står rykken med god margin og rykkjer ifrå.
21 rette: Full pott! Rykk ut med resultatet og send e-post til quizmeisteren!

1. Ein som har skrive biografi om Elizabeth 2., seier at den største gjerninga til dronninga var å løyse opp kva? Svaret er på tre ord. Det var verdas største, på det meste 35,5 millionar kvadratkilometer.
2. Kven var statsminister i Storbritannia i 1952, då Elizabeth 2. vart monark?
3. Kva heiter kapellet på Windsor Castle der ho skal kvile saman med prins Philip, kong Henrik 8. og mange andre?
4. Kva farge har som regel botnen på strikkegenseren islendar?
5. I vinter-OL til og med 1948 arrangerte ein kombinert med kva for ein idrett fyrst?
6. I kva for eit Ibsen-stykke har tittelpersonen førenamnet Halvard? Han er gift med Aline, og det vert vanskeleg når Hilde Wangel kjem på besøk.
7. I Frelsesarmeen er Lisbeth og Knud David Welander leiarar av territoriet som omfattar Noreg, Island og Færøyane. Båe ektefellane har kva tittel? Det er den nest høgaste offisersgraden, berre overgått av general.
8. Kva tyder trønderdialektordet veinnmøl, som har gjeve namn til Vømmøl Spellmannslag?
9. Vømmøl Spellmannslag var store i 1970-åra, mellom anna med eit instrument av ein seljestokk og ein støvel. Kalla dei instrumentet for lark, lerk, lirk, lork eller lurk?
10. Kva meir eller mindre nær instrumentslektning i Australia er ein hol trestokk, gjerne av eukalyptus?
11. Er eukalyptustre bartre eller lauvtre?
12. Årets utgåve av Haustutstillinga er i gang. Kva bygning i Oslo husar samtidskunsten?
13. Haustutstillinga vart arrangert for fyrste gong i 1882, same året som tuberkelbakterien vart oppdaga. Kva sentral tysk lækjar stod for det sistnemnde?
14. På kva øy ligg Nordkapplatået?
15. Kva heiter systemet av gassrøyrleidningar under Austersjøen mellom Russland og Tyskland? Etter sanksjonane mot Ukraina-krigen har dei russiske leveransane vorte mindre og mindre.
16. Om lag kor mange spelefilmar har Woody Allen regissert: 20, 50 eller 80?
17. Kva for eit namn på b har kjøtpaien som er å rekne for nasjonalrett i Sør-Afrika?
18. Kven har skrive og teikna barnebøkene om Gubben og katten?
19. Pakistan er hardt råka av flaum. Det gjeld òg den viktigaste elva i landet. Kva elv?
20. Bryne har vunne cupfinalen i herrefotball éin gong. Det var i kva for eit år som sluttar på 7?
21. Kva for eit vanleg synonym på tre ord har me for det kroppslege alarmsignalet hematuri?
1. Det britiske imperiet
2. Winston Churchill
3. St. Georgs kapell (St. George’s Chapel)
4. Kvit
5. Langrenn (I dag er det motsett, med skihopping fyrst.)
6. Bygmester Solness
7. Kommandør (commissioner på engelsk)
8. Vadmål (vadmel på bokmål)
9. Lurk
10. Didjeridu
11. Lauvtre
12. Kunstnernes Hus
13. Robert Koch
14. Magerøya
15. Nord Stream
16. Om lag 50
17. Bobotie
18. Sven Nordqvist
19. Indus
20. 1987
21. Blod i urinen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?